Medlemskontingent for 2016

Bjørn West IL sin medlemskontingent for 2016 vert sendt ut elektronisk til dei som har registrerte epostadresser.

Kontingentkravet blir sendt ut frå Idrettsforbundet sitt faktureringssystem i KlubbAdmin, slik at konto å betale til blir 1503.38.89043. Idrettslaget Bjørn West får deretter utbetalt til sin konto 3635.50.20090 etterkvart som medlemmene betalar kontingenten.

Det er utfordrande for idrettslaget å følgje opp medlemsregisteret dersom ikkje medlemmene sjøl sjekkar at rette opplysningar ligg inne.

Logg inn på medlemsregisteret til IL Bjørn West: via Norges Idrettsforbund www.idrettsforbundet.no. Her kan kvart medlem oppdatere sin profil i KlubbAdmin.

NB: Det vart ved eit mistak sendt ut feil type kontingentkrav til alle medlemmer den 28.03.2016. Nytt krav vil bli sendt.

Gjeldande satsar for kontingent 2016:

Familie: Foreldre/par m/barn tom 18 år: kr 300

Enkeltmedlem vaksen over 18 år: kr 200

Enkeltmedlem barn tom 18 år: kr 100

Støttemedlem/ikkje aktiv: kr 100

Sosialemedier

©2018 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift