Bjørn West Triatlon 2017 lørdag 19 august

Lørdag 19 august går det femte Bjørn West Triatlon av stabelen på Matre. Alle deltakarar er med i trekninga av ein Scott Speedster racersykkel! Førehandspåmelding tom tysdag 15/8. Ei lita påskjønning til alle som melder seg på på førehand.

Bjørn West Triatlon vert i år arrangert laurdag 19. august på Matre Stadion.

Oppmøte og påmelding frå kl 10:00 - 11:30 (Seinast!)

Start kl 12:00.

Forehandspåmelding: klikk på https://docs.google.com/forms/d/e/1FAIpQLSfqqKoneBq9sp1TPC4_1Kz2MEfthloGCmJexloBvuM9z2-GzQ/viewform?c=0&w=1
Me ynskjer at flest mogleg melder seg på på førehand. Siste frist er 14. august.

Betaling til konto IL Bjørn West sin konto 3635.50.20090 (innan 14. august).

Påmeldingsavgift:
Ungdom (t.o.m. 16 år) kr 100,-
Vaksen kr 200,-
Stafettlag kr 300,-

5 klasser: Damer - Herrer - Jenter - Gutar - Stafett

Premiering: Dei 3 beste i kvar klasse + trekking på startnummer. Hovedpremie på trekking er Racesykkel.

Løype:
Alle deltar på same løypa (supersprint): 300m svømming - 13 km sykkel - 2000m løping
Fellesstart på Våganeset kl 12:00
Løypa er som i fjor med sykkeltrasé mot Haugsdalen. Me legg også inn ein ekstra spurtrunde på løpebana på Matre Stadion.

Stafettlaga vekslar mellom etappane med 2 eller 3 på laget. Skuleklassar, familiar og bedrifter oppfordrast til å stilla med dei som ikkje vil delta åleine. :-)

Praktisk:
Ved oppmøte/ påmelding får alle ein startpose med badehette m/startnr., startnr. til å springa med og startnr. til å festa på sykkel.

Det anbefalast på det sterkaste å bruka våtdrakt. Alle typar syklar som er i forsvarleg stand er tillatt.

Ta kontakt innen 10.august for evt. leie av våtdrakt (kr 50,-) eller sykkel (kr 200,-). Tlf Arne Berg: 41047109

Meir info på heimesida/ facebook.

Påmelding her er greiast, men kan også gjerast til: Ståle 41676928 (staale.daae@gmail.com) eller Emma Julie 99502435 (ma_92@hotmail.com)

Sosialemedier

©2018 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift