Årsmelding frå idrettslaget

Her er årsmeldinga til møtet fredag 8 februar klokka 1800 i kinosalen.

https://1drv.ms/b/s!AkeOuXVYpMyBbJmw7z_p45c7pHk
  

 Årsmelding frå Styret

 

Året 2018 var eit nytt aktivt år for idrettslaget. Ein god snøvinter førte til stor aktivitet i skisenteret og i langrennsløypene. Det vart rekordår for skisenteret både i bruk og omsetning.

Skigruppa sto for arrangementa i langrenn og slalåm i tillegg til preparering av langrennsløypa. Dette vart gjort på dugnad og rullerte mellom gruppemedlemmane. God innsats!

Friidrettsgruppa starta sesongen med Matre Rundt 1 mai. Vidare vart det arrangert klubbmesterskap ute og inne. Banekarusell vart det og tid til.

I august var det klart for Bjørn West Triatlon. Dette var vårt sjette Triatlon. Været viste seg ikkje frå si beste side men deltakaranntalet vart likevel bra. Takk til alle som var med på arrangementet som funksjonærar og deltakarar.

Bjørn West marsjen vart gjennomført med to representantar frå idrettslaget på arrangementsida.

På treningsida har me hatt allidrett, volleyball, innebandy og flæsketrim. Etter nyttår har me i tillegg starta opp med turn for ungar opp til 4 klasse.

Tippemidlane for friidrettsbana vart utbetalt og me har kunna betala tilbake forskotteringa som kommunen gjorde for oss.

Våre medlemmar har vore aktive og representert Bjørn West IL rundt om på mange arrangement i 2018. Her er nokre…..

  • Skjærgårdsrittet
  • Bergen-Voss
  • Hallingspretten
  • Birkebeinerrennet
  • Fjordviking
  • Masfjordsprinten
  • Oppstemten
  • Stoltzen
  • Storset opp
  • Monsterløpet
  • Bergsdalen opp på sykkel
  • Maratonkarusellen
  • Ironman

I styremøte i Stordalen Skisenter AS kom det ynskje frå Kommunen om at Idrettslaget starta opp arbeidet med tippemiddelsøknad for nytt servicebygg (klubbhus). Det vart etter dette sett ned ei gruppe som skal arbeida med dette. Det er planlagt å få på plass ei løysing slik at me kan søkja om tippemidlar innan 15 januar 2020.

Idrettslaget er representerte i styret i Stordalen Skisenter AS. For tida har me to representantar. På styremøte i haust vart idrettslaget bede om å starta prosessen med planlegging av nytt servicebygg i skisenteret. Idrettslaget har sett ned ei gruppe som skal arbeida med ei teknisk og økonomisk løysing slik at me kan søkja spelemidlar i neste søknadsomgang, 15 Januar 2020.

Ein stor takk til alle som har vore med som trenarar, funksjonærar og deltakarar på alle aktivitetane me har hatt i 2018.

 

Årsmelding Fjelltrimmen 2018

 

Fjelltrimgruppa 2018 har bestått av: Beate I. Matre, Ivar Helge Matre, Bente K. Håvåg, Bjørn-Åge Vågseth og Lillian Matre.

Antall registreringar i 2018 var 2970, litt nedgang fra året før (da var det registrert 3107). Me hadde ein knallfin vår og sommar, men hausten var dårleg, mykje regn og surt ver, gjorte at det vart litt færre registreringar enn vanleg i august/september. Den varme sommaren hindra ikkje folk i å ta turen på fjellpostar.

Posten med flest registreringar var Nåva på Haugsvær (357). Mange registreringar var det også på Litlefjellet (254), Fjellet (252), Stordalsvarden (213), Hyttemarka (211) og Stegane (210).

12 damer, 11 menn, 9 gutar og 8 jenter har klart premiekravet. Totalt 40 stk (samme som i fjor), der 10 har gått heile runden (alle postane). Frode Langhelle har gått heile runden totalt 5 ganger! Alle får ei t-skjorte kvar.

Planen elles i år var å få merka opp litt løyper, da enkelte turer er litt dårleg merka, har fått laga ein del lyseblå merker, men desse har me ikkje fått på plass enda, planen er no å få hengt dei opp der det trengst før fjelltrimmen starter igjen i 2019. Det mangler også ein del skilt der turen starter, så me håper å få laga til der det mangler. Håper dette gjer at det blir lettare for alle å ta turen på fjellpostane.

 

Haugsdal 29.01.18

 

Beate I. Matre

 

Årsmelding fra Svømmegruppen for året 2018

Svømmegruppen har i 2018 bestått av følgende personer:

Leder:                  Arthur Sjursen

Medlem:             Lena M.Torslett

Året 2018 har for svømmegruppen vært et år med god aktivitet og mange badende.

Aktivitet

Svømmegruppen planlegger og driver aktivitetene i bassenget, slik som:

Svøm deg til Kos

               All idrett er lagt til bassenget en del ganger i løpet av året

               Legger til rette for merketaking, etter oppnådd merke leveres disse ut med en gang.

               Setter opp og fordeler vaktliste for offentlig bading

               Livredningskurs for ca 70 personer

Det har vært avholdt svømmekurs for voksne, dette har flyktningkonsulenten organisert.

               Aktivitets plan for året

               Innkjøp, oppgradering og vedlikehold av idrettslagets eiendeler i bassenget

               Kontakten med Norges svømmeforbund

 

Svøm deg til Kos

Resultater:

49 personer deltok

31 personer har ikke gjennomført

 

Gjennomført:

13 år og yngre    6 personer

14 – 25 ungdom 3 personer

Voksne                9 personer

______________________

Gj.ført                18 personer

 

Antall meter svømt i kampanjen totalt:  57880 meter

 

Det var satt opp lokal premiering, de som ble trukket ut her gikk også videre til den nasjonale trekningen.

 

Trekningen ble foretatt 3.04.2014.

De heldige vinnerne av hver sitt gavekort fra Knarvik senter, pålydende kr 500.- ble:

 

Til og med 13 år.

Jasper Wrigh

Voksne

Ivar Helge Matre

 

Premiene deles ut på årsmøtet.

 

I 2019 er det svøm deg til Albania som er premien en kan vinne, dersom en deltar og kommer i mål.

 

 Merketaking

Det finnes merker i de fleste valører ved bassenget, etter oppnådd merke, deles disse gratis ut til våre medlemmer.

Antall badende:

2018

Jan

Feb

Mars

April

Okt

Nov

Des

 

Sum

Barn

204

229

197

173

326

249

223

 

1601

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

voksne

160

144

112

68

118

79

62

 

743

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

2344

 

 

Livredningskurs

Svømmegruppen avholdt tre livreddningskurs, 26og 27 november og 5 desember 2018

Det var påmeldt 70 deltakere til kursene i år.

 

Det var Tryggve Gran fra Team Aid ANS som var veileder på kursene også i år.

Vi har fortsatt opplegget med å ha opplæring i hjertestarter.

 

I tillegg til kurs for egne medlemmer, er det svømmegruppen som arrangerer livredningskurs også for:

 

Risnes IL

Brekke IL

Skolene i Masfjorden kommune

Skolene i Gulen kommune

Barnehagene i Masfjorden kommune

Barnehagene i Gulen kommune

Handikap gruppen i Masfjorden kommune

 

Svømmegruppen og vil takke alle dere som tar livredningskurs og stiller som vakt ved bassenget, tusen takk!

 

Billettprisene blir uendret i 2019.

 

Svømmegruppen

Arthur Sjursen og Lena Torslett

Matredal 21. januar 2019

 

Årsmelding for Skigruppa 2018

 

Medlemar i skigruppa 2018:

 

Dina Dyrhovden   Leiar

Arne Kvamsdal

William Løland

Bjarte Dyrkolbotn

Ole Håvåg

Erlend Haugsvær

Skirenn:

Snøtilhøva vinteren 2018 var gode. Det kom tidleg snø i lysløypa og sporkjøring var i gang i allereie i november 2017. 27.11.17 la me ut første melding på Facebook om at det var kjørt spor i lysløypa. Det var aktivitet i lysløypa til godt etter påske.

Det var gode snøforhold for skirenn både i lysløypa og i Stordalen skisenter. Skigruppa arrangerte 7 renn i vinter; langrenn i klassisk og fristil i lysløypa, og slalomrenn i skisenteret. Klubbmeistarskap i langrenn vart arrangert i lysløypa på Haukeland, med servering av pølser, saft og kaffi.

Skigruppa arrangerte Telenorkarusell og Klubbmeisterkap slik:

Langrenn:

Dato

Renntype

Tal deltakarar

Merknad

17.01.18

Langrenn klassisk

42

1.renn Telenorkarusell

31.01.18

Langrenn friteknikk

39

2.renn Telenorkarusell

20.03.18

Langrenn klassisk

18

3.renn Telenorkarusell

08.04.18

Langrenn friteknikk

40

Klubbmesterkap

Premier frå Telenorkarusellen var skoposar. Desse vart delt ut på siste renn.

 

Slalom:

Dato

Renntype

Tal deltakarar

Merknad

13.02.18

Slalom

23

1.renn Telenorkarusell

06.03.18

Slalom

20

2.renn Telenorkarusell

13.03.18

Slalom

19

3.renn Telenorkarusell/ Klubbmesterkap

Premier frå Telenorkarusellen var skoposar. Desse vart delt ut på siste renn.

 

Plan for løypekjøring i lysløypa:

Det var mykje aktivitet i lysløypa vinteren 2018 og det vart etterspurt oftare preparering. Skigruppa har laga plan for løypekøyring. Det er viktig at me legg til rette for aktivitet på ski når det er mogeleg. Me prøver så ofte som mogeleg å preparere når det har snødd. Arbeidet skjer på dugnad og er fordelt på 5 personar.

Det vert køyrt spor i lysløypa slik:

  • Når det er snøforhold
  • Når det skal vere ski-renn er løypa klar til kl 17.30
  • Til helga (lørdag til kl 1100, søndag til kl 1100)

Løypemannskapet :

  • vurderer ver og føre
  • kan avtale å køyre spor saman – det går raskare og er tryggare
  • kan byte vakter innbyrdes

Den som har kjørt spor:

  • fyller drivstoff og ser til at der er nok til neste gong (Ta med tom kanne til fylling)
  • ser over sporsetjingsutstyr (peile olje, vurdere behov for smøring)
  • melder frå om feil og manglar ved utstyret
  • Legg (evt) ut ei lita melding/bilete på Facebook om status

 

Sosiale medier:

Skigruppa har etablert ei arbeidgruppe på facebook der me koordinerer arbeidet og utvekslar erfaringar.

Terminliste og resultat vert lagt på Heimesida vår. Informasjon på facebook med lenker til resultat o.l.

 

Plan for vinteren 2019:

Hausten 2018 planla skigruppa skihelg på Voss 25.-27.01.19. Denne vart avlyst grunna lite påmelding. Det vart gjeve tilbod om deltaking også til idrettslaga i Masfjorden og Gulen. Me prøver til igjen neste år!

Terminliste for vinteren 2019  vert lagt ut når snøen kjem.

Me gler oss!!

 

Matre 09.01.2019

Dina Dyrhovden, leiar skigruppa

 

 

Sosialemedier

©2018 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift