Treningsrommet har opna igjen

Då er endeleg treningsrommet vaska, merka og klart for bruk🙂 VIKTIG at alle set seg inn i reglane før bruk. Dei står her på sida, og på inngangsdøra til treningsrommet. Det vert ført jamnleg tilsyn av rommet. Ein del utstyr må flyttast på, for å oppfylla krava til avstand, men då treng me litt fleire hender. Det må presiserast at regelen om at born under 18 år må ha med seg føresette, også gjeld for dei som har avtale.

Dersom nokon synes merkinga på golvet er i skeivaste laget, set eg pris på om dei heldt det for seg sjølv🤪
Frode.

Sosialemedier

©2018 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift