Klubbmeisterskap i langrenn

Det vert klubbmeisterskap i langrenn søndag 21 mars i Stordalen ved Østerbøstølen. Start klokka 13.00. Påmelding frå klokka 12.30

Klubbmeistarskap

langrenn – klassisk stil 21.03.21

Skigruppa arrangerer skirenn klassisk stil i Stordalen, i området Østerbøstølen. Me viser til reglane for srrangement: https://www.skiforbundet.no/norges-skiforbund/nyhe...

Søndag 21.03.21

• Påmelding frå kl 1230 fram til kl 1300.

• Kl 1300 Rennstart alle i førskulealder + 1. og 2. klasse

• Ca 1315Rennstart 3.-4. klasse

• Ca 1330Rennstart 5. –8. klasse

• Ca kl 1400Rennstart 9. og 10. kl, Junior og Senior

KORONASITUASJONEN – VIKTIG INFORMASJON:

Klubbrenn i IL Bjørn West vert rekna som ein kohort.

• Arrangøren registrerer namn og telefonnummer for allesom er tilstades: Deltakar, foreldre, arrangør, publikum.

• Du kan skanne denne QR-koden eller bruke lenka: https://qrona.nif.no/gatherings/cd110987-d8b4-432b...

• Registreringa skjer via Vipps og medfører ikkje kostnader.

• Du kan registrere fleire personar, td barn som ikkje har telefon.

• Arrangør har på eigen vest.

• Deltakarar har med eiga drikke og mat.

• Klede og utstyr vert ivareteke av den enkelte løper/foreldre.

• Startnummer vert delt ut ved påmelding. Den som deler ut startnummer brukar hanskar. Startnummer vert lagt i eigen boks etter renn. Startnummer vert vaska/desinfisert til neste renn.

• Premieutdeling vert gjennomført i henhold til gjeldande avstandsreglar og utan utdelarar. Premier plasseres på eige bord e.l. og vert teke opp og på av den enkelte utøvar sjølv.

• Personar som har kjent symptom på forkjøling, tap av lukt og smak, mageproblem eller andre symptom på akutt infeksjonssjukdom dagane før eller samme dagen, skal ikkje vere tilstades/delta under arrangementet.

Hald avstand – vask hender – ver heime om du ikkje er frisk!

Sosialemedier

©2018 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift