Bjørn West Triatlon 2021

Årets Triatlon kan gjennomførast mellom 5.Juli og 22.August

Årets Triatlon vert som i fjor mogeleg å gjennomføra gjennom heile sommaren.

I år vert Bjørn West Triatlon arrangert som ein Virtuell konkurranse. Det betyr at det ikkje vert løp som vanleg løpsdagen men mogeleg å gjennomføra Triatlon fom. 5 juli tom 22 august.

Det er gratis å delta.

Følgjande datoar har me funksjonærar på stadion:

- 7.august kl 12.00, 11.august kl 18.00 og 14 august kl 12.00

Deltakarane må:

  • Konkurranseklasse:
  • Gjennomføra 300 m symjing i den vanlege traseen, 15 km sykkel i den vanlege traseen ( 8 km for 8 - 10 klasse) og 9 rundar løp på bana (3150 m) Teikningar av sykkel og synjetrasé ligg som vedlegg på denne sida.
  • Løypa må gjennomførast samanhengande med løpande tid frå start symjing til målgang løp.
  • Trimklasse:
  • Gjennomføra 300m symjing, 15 km sykkel og 3000 m løp når du vil og der du vil. Innan 22 august.
  • I trimklassen kan du gjennomføra øvingane kvar for seg på ulike tidspunkt eller samla.
  • Resultatet kan registrerast via den treningsapp som du bruker eller med tidtakar frå idrettslaget. Det vert dagar det Bjørn West IL har tidtakar tilgjengeleg (sjå over). For trimklasse melder du berre resultatet til Ståle Daae utan behov for treningsapp.
  • Registrering gjer du til Ståle Daae på epost staale.daae@gmail.com, mobil 416 76 928 eller messenger.
  • Det vert premiar til det tre beste i kvar klasse

Spørsmål til arrangementet kan rettast til Ståle Daae på tlf 416 76 928 eller epost staale.daae@gmail.com.

Påmelding her https://bjorn-west-il.spoortz.no/portal/public/event/signup.do?siteId=639&eventId=44146


Sosialemedier

©2018 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift