Fjelltrimmen 2022

Her er oversikta over årets fjelltrimpostar.

FJELLTRIMMEN2022

startar 1.april!

POENGSANKING FRAM TIL OG MED 1. NOVEMBER

1.premie 500 kr gåvekort
2.premie 300 kr gåvekort
3.premie 200 kr gåvekort
i kvar klasse (gutar, jenter, kvinner og menn)

Alle kan væra med, men premiering berre for medlemmer

av idrettslaget.

EKSTRA PREMIE
til born med over
30 poeng, og vaksne over 90 poeng

Det vert også trekt ut gavekort på kr 1000,- blant dei som klarar kravet….

Postar i år er:


  • Stallane
  • Litlefjellet
  • Hestefjellet-Matre
  • Storematrestølen
  • Gleinefjellet
  • Matrenipa
  • Nova Haugsvær
  • Fjellet Haugsvær
  • Nonkletten
  • Kvalsbergnåva
  • Heinakkjen
  • Kalhovdastølen
  • Merkeshogen
  • Geitenakkjen
  • Åsen
  • Gråsida
  • Kjerringfjellet
  • Hyttemarka
  • Hopsdalen
  • Stordalsvarden
  • Nåva(Trodalen)
  • Ådneburen
  • Rindhamrane
  • Kjølneset
  • Botnestigtjørna
  • Svadfjellet
  • Kjærrlihågjen
  • Høgefjellet


Ein må bruka appen GEOREG for å delta. GEOREG er eit elektronisk system for registrering av posten. Søk appen opp i Play Store eller Apple Store og installer den på vanlig måte (PRO-versjonen er gratis i ein mnd, deretter kostar den 10 kr pr mnd, LITE-versjonen er gratis) og registrer deg på www.georeg.no som vanleg brukar, og så er du i gang!

Fjelltrimmen 2022I.L.Bjørn West

Post

Poeng

Stad(mål)

Løypeskildring (oppgitte tider er ein veg)

1

3

Stallane,

Eikemo

Kjør mot Duesund til du kjem til Eikemo. Parkèr ved andre nedkjørsel til Eikemo. Sjå etter skilt der stien startar. Følg raude merker. Postreg er ved uthus. Tid ca. 30 min. 330 m.o.h.

2

3

Litlefjellet,

Matre

Start på Stien ved bommen til Øvredalen. Følg vegen innover til dalen vier seg ut. Sjå etter skilt på venstre side. Følg stien til du er framme. Tid ca. 40 min. 357 m.o.h.

3

2

Hestefjellet,

Matre

Start ved grind bak Einekavane. Stien endar på Storseten. Bak steinmuren, frå nordre hjørne på Storsæten. Følg stien oppover til det flatar ut og hald til venstre mot toppen. Tid ca. 20 min. 170 m.o.h.

Alternativt kan ein starta på parkeringsplassen på Eineleite og følga merka sti.

4

5

Storematrestølen,

Matresdalen

Start ved brua/bommen innom Matresvatnet (Holmane). Følg skogsvegen til endes, der du finn stien. Følg stien på høgre sida av elva, kryss elva på steinbrua. Hold langs venstre side på Krokstadvatn og opp forbi naustet. Følg elva til stølen. Posten står ved skiltet i stien. 555 m.o.h. Tid ca. 1,5 timer.

5

4

Gleinefjellet,

Matre

Køyr til brua ved Gagnløysevatnet. Ta opp til venstre over brua, til endes av grusvegen. Gå opp til venstre. Følg elva innover til du treff jernstengene, som viser vegen til toppen. Posten heng på hytteveggen. 792 m.o.h. Tid ca. 1 time

6

5

Matrenipa

Parker på grusplassen ovanfor Trodalstunellen. Følg stien langs bekkefar. Når du kjem over tregrensa ser du ein varde. Hald til høgre for den, vidare mot Matresnipa. Følg vidare merking til posten, som ligg rett før varden der du har utsikt ned til Matre. 587 m.o.h.Tid ca. 1,5 time.

7

3

Nova-Fjellvegen

Haugsvær

Parkering ved gamle skulehuset. Gå undergangen og opp til skogsveg rett ved busskuret. Følg traktorvegen til stien byrjar. Posten heng i den store rauna på oppsida av stien. Tid ca. 40 min. 330 m.o.h.

8

4

Fjellet, (Hestefjellet)

Haugsvær

Parkering ved gamle skulehuset. Følg beskrivelsen til Nova og fortsett på stien vidare. Følg stien til det flatar ut. Ta så opp til venstre til varden på toppen. Tid ca. 1,5 time. 774 m.o.h.

9

5

Nonkletten

Haugsvær

Parkering ved Haugsværtunet. Gå over elva og vidare på skogsvegen til høgre retning Grimhaugane (Solheim). Ta av til venstre oppover der linja kryssar skogsvegen. Følg stien til du kjem over tregrensa. Gå langs høgre sida på elva, kryss elva ved utløpet og følg venstre sida av vatnet. Post på toppen, 612 moh. Ca 1,5 t.

10

1

Kvalsbergsnåva

Parkering ved Haugsværtunet. Følg beskrivelsen til Nonkletten. Gå vidare frå Nonklettvarden retning Solheim. Varden er eit stykke nedanfor toppen, med utsikt mot Solheim. 1 time og 45 min (ca. 15min frå Nonkletten). 590 m.o.h.

11

4

Heinakken,

Solheim

Start ved Midtkviltjødna. Frå transformator går du opp til venstre – Følg stien langs raude løypemerkingar. 404 m.o.h. Tid ca 45 min.

12

3

Kalhovdastølen

Kalhovda

Solheim

I krysset på Kalhovda tek ein til venstre mot Legena. Etter passert bru tek ein til venstre på skogsveg. Parkèr der skogsvegen deler seg neste gong. Ta opp til høgre, skogsvegen går ca 1 km opp, deretter følgjer du merka sti opp til stølen. Posten ligg i dei gamle murane.438 m.o.h. Tid ca 45 min.

13

2

Merkeshogen

stien Kjetland-Haukeland

Stien starter etter ein har kryssa brua nedom kraftverket. Følg merka sti ca 1,6 km oppover langs Haugsdalselva. Posten ligg ovanfor sjølve stien ved masta på Merkeshogen. I staden for å gå tilbake til Kjetland kane ein fortsetja vidare til Haukeland. 160 moh. Tid ca 35 min.

14

7

Geitenakken

Stordalen

Køyr forbi Stordalen retning Bjordal til du kjem til Nystølen (høgste punktet mellom Krokevatn og Fridalsvatn). Følg merka sti frå hytta, langs Fridalsvatn til Spongavatn, der du tek stien til venstre og følgjer den til toppen. 987 m.o.h. Tid ca. 1,5 t.

15

1

Åsen

Haugsvær

Parker ved skulehuset, gå undergangen og ta til venstre i skogsvegen og følg den til granskogen og gå nedom den. Stien er merka vidare til ÅsenTid15 min

16

7

Gråsida

Matre

Start ved bommen på Stien. Følg vegen opp Øvredalen til du er 200 m frå steintippen heilt inne. Ta opp til venstre ved utkjørsel, merking til du kjem til stien. Når du kjem opp i Gråsibotn, går du same retning som kraftlinja, men gå opp skaret lengst i sør, til høgre for masta i ”himmelsynet”. Når du ser Kvernhus-vatnet snur du mot nord og går til høgaste varden lengst inne. Utsikt mot Kringlebotn og Matresdalen. Alternativt kan ein gå frå Litlematrestølen. 855 m.o.h. Tid ca 3 t

17

3

Kjerringfjellet,

Furebotn

Parker ved utløpet til Midtkviltjødna. Følg ny veg mot aust. Tid ca 40 min387 moh. Kan også gåast frå Solheim og Furebotn..

18

2

Hyttemarka Fossen

Start ved park.plass på Fossen. Følg stien vestover et par km og drei av nordover når stien flater ut. Post festa til sætervegg. 455 m.o.h. Tid ca 30 min.

19

3

Hopsdalen

Parkering ved utkjørselen før brua inne på Hope. Følg stien innover dalen, posten heng ved stien i granskogen rett før Rørfitleitet.Tid 40 min

20

3

Stordalsvarden

Kjør til Stordalen, ta til venstre mot Sogn og ta til venstre frå fylkesvegen inn på grusvegen. Parkering i vegdelet etter ca 1 km. Gå mot Langevatn, ta til høgre og fortsetover tunnelutløp. Følg ryggen mot venstre til toppen. 781 moh1 t.

21

3

Nova(Trodalen)

Start på Trodalsleitet på vestsida av E39. Følg stien frå Tele-huset og hald skrått opp mot venstre. Post i varde på Nova.

22

2

Ådneburen

Det er fleire startmoglegheitar, då denne posten er meint som ein «poengsankingspost» der ein får 2 poeng ekstra for å gå opp på toppen. Det er høgaste punktet mellom Hopstølen og Nordgilsbotnen, og ein kan gå frå bl.a. Fossen, Hopstølen, Haugsvær og Kvernhusdalen. Anbefaler å ta med kart!! Tid ca. 4 t.724 moh

23

1

Rindhamrane

Solheim

Parkèr ved kyrkja, gå oppover og gjennom steingarden. Ta ut til venstre og følg merking. Ca 15 min. Kan følga stien vidare opp til Heinakkjen.

24

1

Kjølneset

Haugsdalen

Kjør over brua som kryssar Haugsdalselva og parkèr på gamlekaien. Følg vegen langs fjorden mot Kjølneset.Når ein kjem til gjerdet, ta opp til venstre på høgre sida av gjerdet, følg opp langs ryggen mot Lysebugen. Post i tre, utsikt mot Solheim. Ca 20 min

25

7

Svadfjellet

Følg merka Turlagsti frå Stordalen(Hellebotn) til Kringla. Ta av stien ved Vågsetstølen og følg Holmevatnet på sørsida over dammen og gå mot nord mot toppen. 877 moh

26

1

Kjærrlihågjen

Litle-Matre

Parkèr i sandtaket og følg skogvegen til Sæten(Bjørnebærskogen) og ut i nåva. Følg stien til du er under linja og gå opp under linja og vidare forbi masta og følg ryggen til posten. 15 min125 moh

27

2

Botnestigtjørna

Haukelandsdal

Parkèr på Haukelandsdalen ved innkjørsel til RødeKors-hytta.Gå langs E39 til høgspentmasta og gå opp lia i sør-sørvestleg retning Høgefjellet. Post under helleren ved Botnestigtjørna. 590 moh tid 30 min

28

3

Høgefjellet

Haukelandsdale

Fortset frå Botnestigtjørna oppover Høgefjellsdalen mot søraust. Gå til varden i himmelsynet(når det flater ut).Ta opp bratte lia til høgre(vest). Posten ligg på ein liten fjellrygg etter første tjønna, stein på 1 m som står på høgkant. 755 moh. Bruk kart!

BONUS : Ved besøk på ALLE postane får ein 15 poeng ekstra, pr."rundtur". Det er ein stor fordel med kart og kompass ! Og hugs båndtvang!

Info om postane, kontakt: Bjørn Åge 90222595,Ivar Helge-92444211,Beate 97503083, Bente 97677674, Asle 90837088

Start

Mål

Høgde-

Tider

Avstand

Postnr.

Poeng

Post

Område

m.o.h.

m.o.h.

forskjell

ein veg

i luft

Ansvarleg

1

3

Stallane

Eikemo

90

330

240

½ time

540 m

Ivar Helge

2

3

Litlefjellet

Matre – Øvredalen

10

357

347

45 min

1 km

Ivar Helge

3

2

Hestefjellet

Matre

10

170

160

20 min

½ km

Beate

4

5

Storematre-stølen

Matresdalen

20

556

536

1,5 t

2½-3 km

Ivar Helge

5

4

Gleine-

fjellet

Matre/Haugsdalen

500

792

292

1 time

1½ km

Ivar Helge

6

5

Matrenipa

Matre

180

587

407

1,5 t

Bjørn Åge

7

3

Novi

Haugsvær

75

330

255

30 min

½ km

Bente

8

4

Hestefjellet

Haugsvær

75

774

699

1,5 t

1 ½ km

Bente

9

5

Nonkletten

Haugsvær

155

612

457

1,5 t

3 km

Asle

10

1

Kvalsbergnåvi

Nonkletten-Haugsvær

590

2 t

Asle

11

4

Heinakken

Solheim

120

280

160

45 min

1 km

Asle

12

3

Kalhovda-

stølen

Kalhovda

200

438

238

45 min

1 km

Bjørn Åge

13

2

Merkeshågen

Kjetland-Haukeland

66

160

94

35 min

1,6 km

Beate

14

7

Geitenakkjen

Nystølen-Stordalen

700

987

287

1,5 t

3 km

Bente

15

1

Åsen

Haugsvær

Haugsvær

60

80

20

15 min

700 m

Bjørn Åge

16

7

Gråsida

Matre

550

855

305

3 timer

4 km

Ivar Helge

17

3

Kjerringfjellet

Furebotn-Solheim

150

387

237

40 min

1,3 km

Asle

18

2

Hytte-

marka

Fossen

360

455

95

30 min

1 km

Bjørn Åge

19

3

Hopsdalen

Hope

0

100

100

40 min

1 km

Beate

20

2

Stordalsvarden

Stordalen

638

781

143

1 t.

3,4 km

Bente

21

3

Novi,Trodalen

Trodalen

205

485

280

40 min

800 m

Asle

22

2

Ådneburen

Nordgjelen-Fossen

724

2 t

Bjørn Åge

23

1

Rindhamrane

Knappen-Solheim

35

70

35

20 min

1 km

Asle

24

1

Kjølneset

Haugsdalen

0

90

90

20 min

600 m

Beate

25

7

Svadfjellet

Stordalen-Kringla

520

877

357

7 km

Bente

26

1

Kjærrlihågjen

Matre

10

125

115

20 min

Ivar Helge

27

2

Botnestigtjørna

Haukelandsdalen

420

626

206

30 min

Ivar Helge

28

3

Høgefjellet

Haukelandsdalen

420

755

335

1,5 km

Ivar Helge

Angitte tider er ved roleg gange.

Sosialemedier

©2018 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift